Direktør for Ryfylkemuseet
Vil du leie eit museum som tek vare på kulturarven i Ryfylke og gjer han levande for nye generasjonar?

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum som består av 20 unike kulturdestinasjonar. Me har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen, og tek vare på rundt 80 bygningar med historisk verdi. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.
Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar knytte til vår kulturarv, og ein samfunnsaktør som bidreg til positiv bygdeutvikling. Museet har fleire fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.
Direktør for Ryfylkemuseet
Ryfylkemuseet tek vare på kulturminne, bygningar, gjenstandar og historier frå heile regionen. Vi driv aktiv formidling og forsking, og er ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande. Med eit rikt grunnlag og spennande vekstpotensial søkjer Ryfylkemuseet ein direktør som vil utvikle museet gjennom aktuelle utstillingar, nyskapande formidling og faglege prosjekt. Som direktør får du høve til å vidareutvikle museet sitt samfunnsoppdrag og sikre at kunnskapen og kulturarven vår blir tilgjengeleg og relevant for fleire.
Sentrale arbeidsoppgåver
Som direktør er du øvste leiar for museet, med ansvar for både drift, fagleg utvikling og økonomi. Du skal:
- Utvikle og følgje opp planverk og faglege satsingar
- Representere museet i dialog med kommunar, institusjonar, lag og publikum
- Leie organisasjonen og følgje opp dei tilsette
- Sikre økonomistyring, budsjettering og årsrekneskap
- Rapportere til styret og tilskotsgivarar
- Stillinga inneber noko reiseverksemd i regionen og krev førarkort.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein leiar som kombinerer gjennomføringsevne med evne til å engasjere og samle andre. Du har gjerne erfaring frå museum eller kulturfeltet, men vi er òg opne for annan relevant bakgrunn.
Vi ser etter deg som:
- Har dokumentert leiarerfaring og resultat
- Har høgare utdanning innan relevante fag
- Har solid økonomiforståing og erfaring med styring
- Samarbeider godt, men tek òg tydelege avgjerder
- Kommuniserer klart, både skriftleg og munnleg
- Har evne til å gjere museet synleg og relevant for fleire
Vi tilbyr
- Eit viktig samfunnsoppdrag i ein sentral kulturinstitusjon
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og medlemskap i KLP
- Kontor med utsyn mot fjord og fjell
- Vi ønskjer at direktøren bur i regionen, og kan tilby praktisk hjelp i samband med flytting
Send søknad innan 09.10.25 gjennom det elektroniske søknadsskjemaet. Spørsmål om stillinga kan rettast til Skogstad&Co.


Colleagues
About Skogstad & Co
Skogstad&Co er et lite og erfarent rekrutteringsbyrå, spesialisert på skreddersydd lederrekruttering. Vi jobber på tvers av bransjer og sektorer, med anerkjente verktøy og metoder, og har i over 20 år hjulpet en rekke bedrifter og organisasjoner med å velge riktig leder.